hei@mageibalanse.no 907 87 329

Korleis sukker påverkar magen din – IBS skulen

by Ingvild on juni 17, 2015
17. juni 2015

Har du tenkt over effekten som sukker har på magen din? Ikkje berre påverkar det blodsukkeret, men også bakteriane i tynntarmen som fører til overvekst.

SIBO (small intestinal bacteria overegrowth) kan føra til gassdannelse, oppblåstheit og diaré.lump-sugar-549096_1280

Sukker kan også føra til overvekst av gjærsopp, Candida, som ein finn naturleg i tarmen. Dette kan gje IBS symptom og cravings for søt- og stivelseshaldig mat, og dermed er ein inne i ein ond sirkel.

Også kunstig søtning (sorbitol, maltitol, xylitol, mannitol) har ein negativ effekt på magen. Spesielt om ein lid av mageproblem som IBS.

Sukker finnes og naturleg i mat, som laktose i mjølk og fruktose i frukt. Mange toler desse heilt fint, men lid du av irritabel tarm eller har andre liknande mageproblem, vil matvarene som inneheld sukker som er FODMAPs væra eit problem. FODMAP kan du lesa meir om her og her.

Hugs at sukker er svært avhengigheitsdannande og å kutta det totalt fra kostholdet ditt kan bli ein stor utfordring.

Det kan vera til hjelp å finna naturlege sukker-erstatningar, som f.eks. Stevia, eller tilkalla meg for hjelp 🙂

Kva rolle spelar sukker i din kvardag? Er du klar over kva matvarer som inneheld sukker?

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition