Min historie

aboutme

Hei du, eg er Ingvild og detta er min historie

Eg er lidenskapeleg kokk, tenkar, livsstudent og i korstog mot ein sunnare livsstil. Ein del av det som har gjort meg til den personen eg er i dag er erfaringane og opplevelsane i livet mitt, der eg har: forska på laboratoriet, møtt spøkelse, flytta halve landet på langs, hatt eit lam som kjæledyr, holdt foredrag på legekonferanse, vokst opp på gård, møtt sambuaren min online, vært nav’ar, hatt IBS i 14 år og funne mitt kall i livet.

Korleis eg endte opp der eg er i dag

For 14 år sidan merka eg at noko ikkje var som det skulle. Eg hadde ofte

  • vondt i magen
  • oppblåst mage
  • kvalme
  • slappheit
  • verking i kroppen
  • reaksjon på maten eg åt

og var fullt klar over at detta ikkje var normalt.

Den eine dagen kunne eg eta vanleg mat og magen var fornøyd og glad, den neste dagen kunne eg eta den samme maten og bli sengeliggande med kvalme og mageverk. Detta påvirka livet mitt i stor grad og eg visste ikkje korleis eg skulle leva livet normalt.

Men, det skulle ta meg fleire år før jeg fant nøkkelen til problema.

Eg mista livsgnisten, håpet og sjølvtilliten.

I ein kvardag fylt med stress, mykje jobb og måltider utanfor eige kjøkken, var detta ein tung tid der frustrasjonen berre vart større for kvar dag som gjekk.

Ved ein tilfeldigheit oppdaga eg raw food. Etter mange år med frustrasjon, fortvilelse, tårer og sinne over situasjonen min valgte eg å legga om kosten som ein siste mulegheit for å få bukt med mine mageproblem.

Her starta min reise.

Eg gjekk fra å ha eit liv fylt av plager der magen styrte dagen min, til eit liv der eg styrte magen. Ved å gjera livsstilsendringar forstod eg korleis eg kunne ta kontroll over min eigen kropp for å få ein bedre livskvalitet. Detta har endra livet mitt drastisk til eit liv der eg trives med meg sjølv i eigen kropp, og ingenting anna enn eigne valg styrer min kvardag.

Idag bur eg på ein økologisk sauegård i Nord-Trøndelag med min sambuar, to hundar, ein katt og to småguta på 4 og 1 år. Eg trives med å væra nær naturen, som er min form for spiritualitet. Denna freden er viktig for meg i ein kvardag som ellers er fylt med jobb, prosjekt, familie og husdyr.

Magen og sjela har fått fred og eg har klart å balansera kroppen.

 

Attestar

Eg er utdannet Holistisk Helsecoach fra Institute of Integrative Nutrition (NY), den ledande skulen i USA innen holistisk ernæring, og medlem av International Association for Health Coaches (IAHC). Eg har og ein mastergrad i Medisinsk Cellebiologi og ein bachelorgrad i Biologi fra Universitetet i Bergen.

Ingvild