På IBS skule idag skal eg læra deg litt om kva FODMAP dietten er. Du har kanskje høyrt om den? Den er spesielt utvikla for personar med irritabel tarm, for å få kontroll over symptoma, og er ein eksluderingsdiett.
Personar med inflammatoriske magesjukdommar får effektiv behandling og støtte fra legar og samfunnet, men personar med irritabel tarm syndrom får ueffektiv behandling, behandles med mistru, blir neglisjert av legar og stemples som hypokonder i samfunnet. Da er det vel ikkje så rart at forekomsten av depresjon hos personar med IBS er heile 37%! Me veit jo alle kordan ein dag med mageproblem påverkar humøret…
60% av personane med IBS seier dei får mageproblem etter inntak av mat. Da skulle ein jo tru at dei som har IBS velge vekk enkelte matvarer pga mageproblem. Dessverre er ikkje dette tilfellet for dei fleste. Rett og slett pga mangel på kunnskap om ernæring. Her er det at FODMAP kan væra til hjelp.
FODMAP står for Fermentable Oligosaccharides, Disaccharides, Monosaccharides And Polyols.
Dette er navnet på kortkjeda karbohydratar (sukker) som blir dårlig absorbert i tarmen til personar med IBS. Desse karbohydrata fortsett delvis ufordøyd til tynntarm og tjukktarm, der dei blir som eit festmåltid for bakteriane i tarmen. Fermenteringsprosessen, som det kalles, gir gassdannelse og økt trykk i tarmen. Dette kjenner me som luftsmerter. Desse karbohydrata kan óg dra væske med seg til tarmen og kan føra til endra avføringsmønster.
Me skil ofte mellom låg-FODMAP og høg-FODMAP. Låg-FODMAP er matvarer som inneheld lite av desse problematiske karbohydrata, mens høg-FODMAP er matvarer som inneheld mykje av dei. Har du IBS kan det vera lurt å holda seg til låg-FODMAP matvarer.
Desse vil ikkje irritera tarmen og tarmen har mulegheit til å «henta seg inn igjen». Man treng ikkje gå på FODMAP resten av sitt liv for å sleppa å ha mageproblem. Men ein periode på 6 veker utan høg-FODMAP mat er nødvendig. Deretter reintroduserar ein matvarer igjen for å testa om ein reagerar på dei.
Høyres dette omfattande ut? Vel, det kan vera litt tungt å gjennomføra aleina og tilbakefall må man rekna med. Så ønsker du hjelp til å gjennomføra dietten kan eg hjelpa deg! Ta kontakt for ein uforpliktande konsultasjonstime. Eg er her for å coach’a deg gjennom det 🙂
Har du spørsmål ang. FODMAP? Kommentér under så svarar eg deg gjerne 🙂
Har du prøvd FODMAP dietten før? Kva er din erfaring?