hei@mageibalanse.no 907 87 329

Mine erfaringar med legemiddel mot IBS

by Ingvild on november 4, 2015
4. november 2015

I forrige innlegg skreiv eg om medisin mot irritabel tarm og mageproblem.

Eg har tidlegare prøvd både Resolor og Constella, men det er fleire grunnar til at eg ikkje bruker desse legemidla.

resolorResolor fekk eg på resept av ein gastrolege og var veldig spent på om denne kunne redda meg fra mine plager. Dessverre er denne medisinen veldig dyr og kostar nesten 700kr for 28 tablettar! Men eg tenkte som så, at pris betyr ingenting om eg blir frisk. Eg vart også advart mot bivirkningane som ville oppstå dei første dagane eg tok legemiddelet. Derfor starta eg kuren ei helg, og godt var det! Kun minutt etter inntak av medisinen fekk eg hovudverk, kvalme og sprang på do. Desse bivirkningane oppstod kvar gong eg tok tabletten dei første 3-4 dagane.

Etter at bivirkningane byrja å avta, følte eg meg fantastisk! Magen fungerte uten problem, eg hadde normale dobesøk og magen var flat som ei pannekake. Eg er sikker på at eg strålte der eg gjekk, overlykkeleg over å ha funne ei pilla som virka. Men dessverre vart det kortvarig effekt. Allerede etter 3 veker byrja effekten å avta og dei gamle mageproblema kom sakte tilbake. Etter ei stund kom eg fram til at pillene ikkje var verdt det lenger.

constellaI følge gastrolegen var eg eit heilt spesielt tilfelle, sidan medisinen ikkje fungerte på meg. Men eg skulle få prøva ein annan type, nemleg Constella. Denne hadde nesten samme pris, men håpefull prøvde eg igjen. Denne gongen følte eg meg ikkje fantastisk… Like etter eg hadde teke medisinen blåste magen seg opp til rekordstørrelse og eg hadde store luftsmerter. Det varte omtrent heile dagen og eg var nesten på gråten når eg måtte ta ein ny tablett. Dermed gav eg opp etter 4 dagar.

Igjen fekk eg høyra at eg var eit spesielt tilfelle… Med andre ord, det var noko galt med meg sidan medisinen ikkje fungerte.

Er det fleire enn meg som sitt igjen med følelsen av å vera eit håplaust tilfelle etter eit legebesøk? Det hjelp i hvert fall ikkje på sjølvfølelsen og motivasjonen for å finna ut av det.

Men det var da eg byrja å tenka at dette var noko eg måtte finna ut av sjølv og dermed starta min reise. Dette vart redningen min!

kosttilskuddSå kvifor fylla kroppen med kjemisk framstilte legemiddel som er unaturleg for oss, når alt me treng å gjera er å eta rett mat?

Har du prøvd legemiddel mot mageproblem? Eg vil gjerne høyra din erfaring!

2 thoughts on “Mine erfaringar med legemiddel mot IBS”

  1. kirstin sier:

    hva er rett mat ?

    1. Ingvild sier:

      Med rett mat så meiner eg den maten som er rett for deg og din mage 🙂 Ein persons mat er ein anna persons gift, derfor er ikkje rett mat rett for alle. Kva som er rett mat for deg må me finna ut av ved testing og veiledning over tid, slik at du ser effekten av endringane. Har du behov for hjelp til dette er det berre å ta kontakt 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition