hei@mageibalanse.no 907 87 329

Finnes det medisin mot IBS?

by Ingvild on oktober 28, 2015
28. oktober 2015

«Det enkle er ofte det beste» – ta ei pille! Eller, er det virkeleg så enkelt?

Finnes det egentleg medisin mot IBS? Ja, det gjer det faktisk. Men personleg er ikkje det noko eg vil anbefala og grunnen til det skal eg fortella deg om her:

PillerHer til lands går det an å få legemidla Constella og Resolor på resept. Begge desse virkar mot forstoppelses-dominant IBS, ved at dei aukar væsketilførselen til tarmen og kan dermed gje høgare transit tid og regelmessige dobesøk. Dei seies å virka lokalt i tynn- og tjukktarmen og reduserar dermed effekten av bivirkningane. Legemiddelindustrien seier også at det er minimalt med bivirkningar i samanheng med desse legemidla, men det er ikkje min erfaring… (For å dela viktige erfaringar på dette området, vil eg komma tilbake til det i eit anna innlegg.)

I samanheng med lidelsar som påverkar tarmfloraen, som SIBO (small intestinal bacteria overgrowth), har ein også nytta antibiotika som behandling. Dette gjeld kun antibiotika som ikkje taes opp i magen, men som har effekt i tynn- og tjukktarmen. Denne typen kur er under utprøving og det er foreløpig ingen antibiotikakur som er retta direkte mot IBS.  Derimot kan antibiotika mot SIBO også hjelpa på tarmfloraen til personar med IBS og liknande mageproblem.

Tidlegare har eg også høyrt om bruk av antidepressiva mot IBS, som virkar inn på tarmens nervesystem. Det er ingen god dokumentasjon for dette og medikamenta kan føra til alvorlege bivirkningar.

Å ta ei pille mot ein lidelse som IBS fungerar kanskje der og da ved å redusera lidelsen litt, men det helbredar ikkje sjølve årsaken til smerter og ubehag. Det har også komme fram at kurar mot IBS har gitt best resultat på placebo-delen av studien, altså dei som får ei sukkerpille og ikkje sjølve legemiddelet (utan å vita det). Med andre ord så handlar det ikkje berre om magen, men også om din tankegang og korleis du har det ellers i livet.

Ripple effectDei fleste legemidla har fleire bivirkningar og bør ikkje taes over lengre tid. I tillegg er eg veldig skeptisk til antibiotika. Sjølv om den skal fungera på spesifikke bakteriestammar, lurer eg på korleis den påverkar mikrofloraen ellers. Det er jo ikkje ein total mange på- eller tilførsel av bakteriar i tarmen som skapar ubalanse, men ein overvekst av nokre bakteriestammar ein finn naturleg i tarmen. Eg ser derfor ingen fordelar med å utrydda alt, men heller påverka dette samspelet naturleg ved å eta mat som gjer at dei gode bakteriane trives.

Samspelet mellom tarmen og hovudet er viktig for å få ein balansert mage. Som helsecoach er dette mitt hovudfokus og eg er her for å hjelpa deg på vegen til ein balansert mage. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med meg her eller på mail: hei@ingvildwendelbo.no. Du er også velkommen for ein gratis og uforpliktande konsultajonstime, anten i person eller over telefon. Min misjon er å hjelpa deg å bli kvitt mageplagene på langt kortare tid enn vegen eg sjølv gjekk, for å oppleva friheit og livslang sunn helse.

 

Kjelde

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition