«Kimchi er for Korea det Coca-Cola er for Amerika»
Kimchi er tradisjonell fermentert mat, som stammar fra Korea. I Norge har me tilsvarande surkål. Men da snakka eg ikkje om surkålen på pose som står i butikkhylla. Ekte surkål, eller sauerkraut, er laga av få ingrediensar og har fått tid til å mjølkesyregjæra for å produsera dei gode bakteriane.
Mjølkesyregjæra mat og drikke er vidundermedisin for magen! Alle burde ha detta som ein del av den daglege kosten sin. Men spesielt kan det hjelpa dei av oss som har diverse mageproblem. Mageproblema stammar ofte fra ein ubalanse mellom bakteriane i tarmen, som kan gjenopprettast ved å eta mat som innhelde gode bakteriar.
Her til lands er ikkje sånn mat enkel å finna i butikken. Men du så gøy det er å laga noko sjølv som er så helsebringande! Ikkje er det vanskeleg heller, så her skal du få ei lyn-oppskrift:
1 økologisk hovudkål på rundt 2kg
3 ss havsalt
Kålen hakkes i små, tynne strimlar og helles i ein stor bolle/ildfast form.
Strø saltet over og kna! Her krevst det litt hardt arbeid, for no skal kålen knas til vatnet sivar ut.
Når du kan klemma vatn ut av kålen has den oppi eit sterilisert 3-4L glass, før du fortsette å klemma ut vatn ved hjelp av knyttneven. Laken skal stå over kålen så den ikkje har tilgang til luft. Pass på å dytta alt ned langs sidene.
Ha lokke tett igjen og sett glasset på ein mørk og varm plass i 2-3 veker.
Klar til bruk! 🙂
Har du lyst å prøva å laga din eigen surkål? Kva erfaringar har du med detta?
Still gjerne spørsmål 🙂