hei@mageibalanse.no 907 87 329

Sjekk om du et reint!

by Ingvild on mai 6, 2015
6. mai 2015

Mange tenker meir på kva dei puttar i kroppen no for tiden. Kva betyr det å eta reint for deg?

Her er ei enkel sjekkliste for å sjå om du et rein mat:

veggies-on-forks-400x400

  • Et heil mat

Prinsippet med å eta reint er å erstatta prosessert mat med frisk og naturleg mat. Dette betyr mat som ikkje har vorte tilsatt nokke, eller som ikkje har mista verdifull næring. Enkelt å greit, i steden for å eta ein bananmuffins, et ein banan og nokken nøtter.

  • La ingrediensane guida deg

Å heilt unngå mat som er på boks, glass eller pose er urealistisk. Men ta ein kikk på ingredienslista til produktet og velg den som er så nærme sin naturlege tilstand som muleg. Fokuser på kvalitet og ikkje la deg lura av påstandar som «0 transfett», «Redusert saltinnhold» og «Sukkerfri». Redusert feittinnhold er nødvendigvis ikkje bra dersom ingrediensane er ord du ikkje kan uttala ein gong.

  • Tenk stort

Unngå produkt med kunstig tilsetningar som smak, farge, søtning og konserveringsmiddel. Hold deg unna GMO og mat behandla med hormon og antibiotika. Et økologisk når du kan. Tenk på kordan dessa produkta påvirkar deg, såvel som planeten. Og tenk på kordan matproduksjonen påvirkar problem som auka antibiotikaresistense bakteriar, algeoppblomsting og «dødsoner» i havet. Tenk på kordan effekten av stoff som BPA har på vår metabolisme.

Å eta reint er ein bevegelse, ikkje berre ein trend!

  • Gjer det sjølv

Erstatt innpakka mat med heimelaga, som salatdressing, energibar, godteri. Dette er i grunn veldig enkelt. I steden for å kjøpa saus på boks, full av salt, sukker og konserveringsmiddel, bland sammen riseddik med sitronsaft, hakka kvitløk og raspa ingefær. Du finn alt i butikken.

  • Lytt til kroppen din

Tenk på mat som forebyggande medisin. Kroppen oppretthelde og reparerar seg stadig, derfor bestemmes helsa til cellene dine av kva du et. Gje kroppen din råmaterialet den treng for byggesteinar til bein, organ, musklar, immunsystem og hormon.

Rydd kjøleksap, skuffer, skap og frys. Les innholdsetiketten og bytt ut med rein mat!

Kordan ser ditt kjøkkenskap ut?

 Kjelde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition