hei@mageibalanse.no 907 87 329

Nasjonen har fått spiseforstyrrelse!

by Ingvild on september 2, 2015
2. september 2015

70% av det ein kan kjøpa i ein matvarebutikken er ikkje mat. Og det er etter at ein tek vekk hyllene med vaskemiddel, tørkepapir, toalettpapir og magasin. Likevel er ikkje størstedelen ekte mat. Det er produkt som kan fordøyast og som kan gje deg ein viss ernæringsmessig verdi, men som ikkje kan kallast mat.

Me har ein nasjonal spiseforstyrrelse!

Unhealthy_Healthy_Lifestyle

Den truar med å øydelegga samfunnet vårt. Og den drep oss!

Til tross for at me legg att store summar hos helsevesenet og hos legemiddelfirma, er me likevel ikkje friske.

Derfor ber eg deg: Et mat som nærar deg, ikkje mat som er til fortjeneste for matvareindustrien!

Du er ikkje det du et, du er det du absorberar.

Et du berre junk food, vil du ikkje klara å absorbera den næringen du treng for å leva eit sunt liv. Som eg lærte på laboratoriet i sin tid: Junk in, junk out. I den samanheng handla det om analyser på maskiner, men det kan også overførast til kroppen: Det som går inn må vera reint, for at det som skal komma ut skal vera av god kvalitet.

food-circle

Tenk på korleis det ville ha vore om du absorberte emosjonell stabilitet og fred, som får deg til å føla deg heil, i staden for stress. Kor fri du ville ha følt deg om du slutta å absorbera giftstoffa og ubrukelege kjemikaliar, som sakte men sikkert forgiftar kroppen og livet ditt.

Dette er noko du kan gjera noko med, men du må renska opp i både kropp og sjel samtidig som du endrar det du puttar i kroppen.

Staden der denne absorbsjonen skjer er den delen av kroppen som enten gjer deg sjuk eller frisk, og ein del som mange av oss velg å ignorera, gjerne til det er for seint. Det er den delen av kroppen din der det er direkte kontakt mellom innsida og utsida. Det er tarmen din!

Ein sunn tarm er highway til helse!

Er du i tvil om kvar du skal starta eller treng veiledning for å endra livsstil og få ein balansert mage og tarm, er dette noko eg kan hjelpa deg med! Meld deg på ein uforpliktande og gratis konsultasjonstime, så er du snart på veg til ein balansert mage 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition