hei@mageibalanse.no 907 87 329

Kvifor låg-FODMAP kanskje ikkje fungerar for deg – IBS skulen

by Ingvild on september 16, 2015
16. september 2015

Har du gått inn for å prøva låg-FODMAP dietten berre for å fortvilande oppdaga at du ikkje har særleg effekt av den?

upset_stomach

Det er dessverre ikkje heilt uvanleg, sjølv om FODMAP dietten fungerar for 70% av dei med irritabel tarm og lignande mageproblem. Det kan vera fleire grunnar til at FODMAP ikkje fungerar for deg, og dei skal eg gå nærmare inn på her:

Korn

Låg-FODMAP dietten forbyr gluten og korn som kveit, rug, bygg og til dels spelt. Erstatningar kan vera bokhvete, havre, ris og mais. Problemet med desse er at dei, til tross for å vera glutenfrie, kan gje mageproblem hjå enkelte fordi dei inneheld eit protein som liknar gluten. I tillegg vil inntak av korn auka blodsukkeret og kan gje svingningar, men her vil det vera forskjell på heile korn og mjøl.

Så om du har bytta ut brødet med andre kornsortar, kan det vera lurt å vurdera å kutta desse ein periode.

Sukker

Sukker er låg-FODMAP. Men dette betyr ikkje at det ikkje kan laga mageproblem fordi om. Kunstig søtning er høg-FODMAP og bør unngås. Men dessverre lures desse tilsetningane inn i alt fra glutenfrie kjeks til godteri, og ligg der som ei skjult fella klar for at du skal ta ein bit når du vil kosa deg. Du tenker kanskje at du har teke eit bra låg-FODMAP valg i butikkhylla, så det kan vera lurt å lesa over ingredienslista.

Mjølkeprodukt

Laktose er noko ein bør holda seg unna når ein går på låg-FODMAP. Likevel toler mange små mengdar laktose og kan derfor eta ost, smør, parmesan, cottage cheese osv. Men, for enkelte kan også små mengder laktose føra til mageproblem! Om du et desse under dietten og fortsatt har problem, kan det vera lurt å holda seg unna ein periode for å sjå om plagene forbedrar seg.

Å ikkje følga reglane

Har du kontroll på alle punkta over og ikkje trur dette har noko med dine mageplager å gjera, kan det rett og slett handla om at du ikkje er så streng med dietten som du burde vera. For nokre fungerar det å redusera eller fjerna enkelte FODMAPs, mens det for andre krevst ein streng diett for å bli kvitt problema. Sørg for at du har holdt deg unna høg-FODMAPs lenge nok til at tarmen har henta seg inn og du er symptomfri, før du startar innføringsfasen. Da er det også viktig at du startar med små mengder, som du aukar etter kvart dersom du toler matvaren. Det kan også vera lurt å starta med matvarer som inneheld kun éin FODMAP, som 1/2 glas mjølk, i staden for dei som inneheld fleire FODMAPs, som eple. La det også gå minst 3 dagar mellom reintroduksjon av den samme eller nye FODMAPs dersom du reagerar på den.

Hugs likevel, det er ofte coctaileffekten som lagar problem. Litt av alt kan gå an, men litt av alt samtidig kan vera eit problem.

Har du opplevd å ikkje ha effekt av FODMAP dietten?

donoteat1

 

Kjelde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition