hei@mageibalanse.no 907 87 329

Korleis håndtera IBS på skulen?

by Ingvild on september 30, 2015
30. september 2015

Eg hugsar godt tida på vidaregåande, når mine første symptom på IBS oppstod.

Så kom studietida på universitetet…. På denne tida vart det også meir stress knytta til studier, i tillegg til eit kosthold som ikkje var heilt balansert når ein skulle laga maten sjølv, raskt og på budsjett.

Å sitta på ein forelesing eller i ein musestille lesesal, mens magen slår krøll på seg og høyres ut som eit orkester og konsentrasjonen er langt fra pensum, er ikkje enkelt!tenaaring stress

Det seier seg sjølv at det blir vanskeleg å fokusera og å vera sosial, som er det studietida handlar om! Ein har meir enn nok å tenka på, om ein ikkje skal ha mageproblem i tillegg.

Ser eg tilbake på studietiden no, er det fleire ting eg kunne ha gjort for å hjelpa meg sjølv gjennom det. På den tiden visste eg ikkje deg eg veit i dag, men for å hjelpa deg skal eg gje deg nokre tips for korleis livet med IBS på skulen kan bli lettare:

  1. Nokre skular tilbyr gratis samtale med helsesøster. Dette kan vera fint å benytta seg av dersom ein treng nokon å snakka med evt. be om råd. Det kan kanskje også spara deg for utgifter på legebesøk, noko som er til stor hjelp for eit studentbudsjett.school counselor
  2. Snakk med dine nærmaste medstudentar om dine problem. Det hjelp å snakka om det! Og kanskje har dei alt gjetta seg til kvifor du ofte spring ut under foredrag eller fra lesesalen? Du vil nok møta meir forståelse enn du trur, og kanskje har dykk erfaringar å dela? Eg har oppdaga at dess meir eg snakkar om mine problem, dess fleire kjem med innrømmingar om eigne problem.
  3. Vær forsiktig med kva du et. Stadig fleire kantinar byrjar å få sunnare- og allergivennleg mat. Er du likevel usikker på om du bør eta det som selges, er den beste løsningen å ha med seg sin eigen mat. Har du forsove deg og ikkje rukke å smøra nista? Da kan det vera lurt å ha eit lite lager av heimelaga energibarar el.l. i frysen, så du berre kan ta putta i sekken på veg ut døra. Det er kanskje ikkje nok for ein heil skuledag, men det kan hindra deg i å ta dårlege matvalg i kantina dersom du er skrubbsulten.
  4. Ikkje stress! Lettare sagt enn gjort når ein er student med deadlines og eksamensangst… Men stress påverkar magen i stor grad! Litt stress av og til er ikkje til å unngå, men å stressa seg sjølv opp lenge før eksamen eller ved å ta skippertak mot slutten er i hvert fall ikkje til hjelp.bedre_best
  5. Du treng ikkje vera perfekt. Dette gjeld kanskje jenter i større grad, som ofte lid av «flink-pike-syndromet». Been there, done that… Ein har kanskje store forventningar til seg sjølv, til å prestera på eit nivå minst like bra som dei rundt deg, eller ein trur familie og venner har forventningar til dine resultat. Dette er mest sannsynleg kun i hovudet ditt! Endre tankegangen din og senk nivået eit hakk. Du presterar ikkje dårlegare av den grunn!
  6. Planlegg dagen og timeplanen. Å ha kontroll på innleveringar, pensum og alt ein skal gjera i skulesamanheng vil redusera stressnivået fleire hakk. Du vil ha meir ro over deg sjølv og stressande situasjonar vil ikkje oppstå.

Håpar dette kan vera til hjelp for deg. Om du er student eller ikkje, vil det kanskje hjelpa deg å tilpassa kvardagen etter punkta over.

Del gjerne dine erfaring med punkta over!

Kjelde

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition