hei@mageibalanse.no 907 87 329

Hjernens fantastiske mulegheit til å danna nye vaner

by Ingvild on februar 9, 2015
9. februar 2015

Eg har alltid lurt på kordan folk som lagar seg nyttårsforsett klare å holda dei. Eg har prøvd eit par gangar sjølv, men uten at eg har fått det til å vara, og tenkt at eg hadde dårleg viljekraft. Eg har etter kvart innsett at dei fleste mest sannsynleg ikkje har klart å holda sine nye vanar meir enn eit par månader sjølv. Toppen!

Antakelig har du som eg prøvd litt for hardt.breaking-bad-habits2

Tenkt at når kvardagen kjeme, så skal alle plana tre i kraft og alt vil forandra seg. Men det skjer jo ikkje… Ta for eksempel trening. Det er fullt over alt og man står i kø for å trena.

Mang ein gang har eg irritert meg over detta, for eg veit jo at dei ikkje kjem til å væra der så lenge, så kvifor gidda. Men samtidig må ein belønna dei for å prøva og nokken klara det faktisk.

For å få ein god vane til å bli ein del av kvardagen må du endra litt etter litt, som små babyskritt. Store forandringar blir for mykje på ein gang, men ein mjuk overgang er enklare å henga med på.

For eksempel å slutta å eta raffinert kvitt sukker. Om man les bakpå innholdsfortegnelsen og sikra seg at varer man kjøpe ikkje inneheld sukker, eller i hvert fall lite sukker, har man allerede tatt eitt skritt.

Det neste kan væra å bytta ut kvitt sukker med ein anna type naturleg søtning, som palmesukker. Det brukar eg mykje sjølv, og den har tatt plassen til vanleg sukker i alt eg bakar.

Alle får det til, men du må også villa gjera forandringar. Er ikkje ønsket eller prioriteringen høg nok, vil ikkje endring skje.

sandandwater

Hjernen kan endra seg basert på repetert erfaring og nye vanar etterlet seg merker som fotspor i sand. Dess meir ein øver, dess djupare vert spora. Dette gjeld like mykje hos eldre som hos unge, så alder er ingen unnskyldning 😉

Har du hatt nokon vellykka eller mislykka forsøk på innføring av nye vanar? Del gjerne i kommentarfeltet under!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition