hei@mageibalanse.no 907 87 329

Er det ikkje skremmande!?

by Ingvild on mai 13, 2015
13. mai 2015

FBS_what_the_world_eatsFood and Agriculture Organization of the United Nations har laga ein oversikt som enkelt viser kva verden et.

Og detta er skremmande resultat! Størsteparten lev faktisk på frokostblandingar laga av korn! Den seier ingenting om sukkerinnhald i frokostblandingane, men ein kan jo berre tenka seg.

Grønnsaker og frukt er noko av det me ete minst av, mens inntaket av sukker og søtning er tredobbelt så høgt!

I tråd med dette aukar også inntaket av kaloriar per person per dag. Og her har fleire land ei bratt stigande kurve.

I tillegg til at det blir kasta 35% av maten som er tilgjengeleg!

Me trur me lever i luksus, mens det me egentleg gjere er å øydelegga oss sjølv.

Eit høgt inntak av kaloriar aukar betennelsesreaksjonane i kroppen, som gjer oss sjuke.

I tillegg blir kostholdet einsidig og næringsfattig. Det me et minst av, er det som kroppen faktisk treng for å fungera.

Detta er skremmande, men det er heller ikkje rart at ein ser ein sterk auke i livsstilssjukdommar rundt i verden.

Eg blir ein smule fortvila når eg ser sånne tall, over kor blind ein kan bli.

Eg skal ikkje legga skylda på enkeltpersonar, for matvareindustrien har mykje makt her.

Men du som forbrukar kan ta bevisste valg og endra ditt eige liv! Ingen andre vil gjera det for deg!

Om du treng, hjelp eg deg gjerne med coaching for livsstilsendring.

Men start gjerne med å ta bevisste valg i kvardagen sjølv!

Kva tankar gjer du deg rundt detta?

Tek du bevisste valg sjølv eller lar du deg villeda av matvareindustrien?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition