hei@mageibalanse.no 907 87 329

Diett – eit livslangt forhold eller berre ein flørt?

by Ingvild on september 9, 2015
9. september 2015

Kva betyr egentleg ordet «diett»? I bunn og grunn står det for kosthold og den maten ein et i løpet av ein dag. Men kvifor skal alt kallast ein diett for tiden?

Egentleg likar eg ikkje ordet «diett». Det set alt i ein bås og ein føler ein må følga visse reglar og holda seg til visse matvarer for at det skal vera riktig. Diett har vorte eit negativt lada ord, som forbindes med slanking, trening og eit veldig restriktivt kosthold. Men dette stemmer ikkje heilt med den egentlege betydningen av ordet.

diet-670250_1280Slik som ordet blir brukt idag vil ein diett vera kortvarig, mens eit kosthold kan vera livslangt. Kan eg sei eg går på diett, fordi eg har endra kosthold og et på den måten som passar meg og min mage? Ordet diett betyr egentleg ikkje at ein skal eta eit strengt kosthold ein kort periode. Diett er mat! Din mat, som du et på din måte og som ikkje treng å ha noko med reglar og spesifikke matvarer å gjera.

Et det som passar deg, din mage og din kropp! Kall det din diett om du vil. Men eg vil anbefala deg å ikkje tenka på det som ein diett, med faste reglar du må følga og bestemte matvarer du må eta. Å endra kosthold og livsstil til noko som er sunnare og som fungerar for deg, er viktigare enn å gå på diett!

Det er mange trend-diettar for tiden, noko som egentleg seier sitt. Trend-diettane er ofte kortvarige, fordi det ikkje finnes snarvegar for livsstilsendring og god helse. Me kan kanskje få synleg og rask endring med diett, men dette er ofte kortvarig. Mange reglar og avgrensingar vil også vera vanskeleg å følga over lang tid og vil til slutt innhenta oss med kraftige tilbakefall.

Livsstilsendring tek tid, men blir gjerne langvarig, kanskje livslangt. Det er innarbeiding av gode vanar, som er komme for å bli.

FODMAP har også vorte omtala som den nye superdietten. Men denne måten å eta på gjeld for folk med mageproblem, ikkje som slanking. Reglane i denne dietten er også ganske fleksible. Det er ikkje slik at om du toler løk og kan eta det dagleg, så følger du ikkje låg-FODMAP dietten lenger.

Det handlar om å finna sin veg i jungelen av ernæring- og livsstilsråd og ikkje henga seg for mykje opp i kva som er «lov» og «ikkje lov».

keep-calm-and-forget-fad-diets

Kanskje har du utvikla din eigen diett? Har du prøvd å følga andre trend-diettar og kva var utslaget?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition