hei@mageibalanse.no 907 87 329

Det verste med å ha IBS!

by Ingvild on oktober 7, 2015
7. oktober 2015

Som IBS offer har eg mange gonger følt eg ikkje blir teken seriøst for mine problem. For dei som ikkje har IBS sjølv kan det vera vanskeleg å forstå kva det inneber og at det faktisk kan vera så alvorleg som det nokre gonger er. Ofte føler ein at ein blir stempla som hypokonder, mange trur det heller er psykisk enn eit reelt problem og meiner du bør vera glad for at det ikkje er verre enn det er, eller at det ikkje er kreft…

Men for eit IBS offer er det eit reelt problem! OG det er bevist at det ikkje er psykisk. Dette har eg sjølv vore med i forskningssamanheng for å bevisa.

Så for dykk som ikkje veit korleis det egentleg er, slik er det faktisk å leva med IBS:

  • ibs2Det er smertefult. Studier viser at IBS offer kjenner luftsmerter i magen i større grad enn ein frisk person. Det kan kjennast ut som om nokon tek tak i tarmane dine og klemmer til samtidig som dei vrir rundt. Eller som eit stort trykk som bygger seg opp og truar med å eksplodera tarmen. Eller som ein intens smerte, som for kvinner lett kan forvekslast med sterke menssmerter og kanskje også rier. I verste tilfelle kan det også føra til at ein svimar av eller kastar opp av smertene, noko eg sjølv har erfart.
  • Det er flaut. Det er lettare å fortella nokon at du har hovudverk, astma eller diabetes, enn å fortella at du har mageproblem. Ein kan også bli møtt med kommentarar og spørsmål dersom ein spring på do heile dagen, gjerne etterfulgt av ein liten latter. For enkelte er dette flaut nok til at ein held alle tankar og problem for seg sjølv og heller kjem med unnskyldningar.
  • Du går glipp av ting. Uforutsigbarheita med IBS fører ofte til at ein må holda seg heima når ein hadde tenkt seg ut, eller at ein velg å holda seg heima i frykt for at mageproblem kan oppstå. Ein brukar kanskje mykje av tida si på do eller sengeliggande. Og ein bekymrar seg for framtida og planlegging av ting, fordi ein ikkje veit korleis ein skal håndtera det.
  • brodDu kan ikkje eta det samme som andre. Andre treng ikkje tenka på kva dei et eller kva som vil skje dersom dei et den maten. Dei treng ikkje bekymra seg for om dei vil få oppblåst mage, diare eller magekramper.  For mange med IBS er det dermed lettare å la vera å eta eller å aldri eta ute med venner, berre for å sleppa å ta sjansen.
  • Legane veit ikkje kva dei skal gjera med deg. IBS er noko legane ikkje klarar å helbreda med medisin og dei kan som regel ikkje gje deg ein god plan for korleis du skal håndtera det. Å alltid få høyra det samme som du kanskje veit fra før, kan vera veldig demotiverande og fortvilande. Legane er jo her for å hjelpa oss å bli friske!
  • Du kan ikkje kjøpa dei kleda du vil. Du har kanskje også kle i to størrelsar, til dei dagane magen ser gravid ut? Eg har mange gonger stått i butikken og sett på fine formsittane kjolar, men berre hengt dei tilbake fordi eg veit eg ikkje vil vera komfortabel i plagget når magen er oppblåst. Dette i samanheng med motepress, kan gå ut over sjølvfølelsen.
  • Alle har ein teori om kva du bør gjera for å bli bedre. Personar med andre tilstandar eller sjukdommar vil kanskje ikkje oppleva at folk utan i frå gir dei råd om kva dei bør eller ikkje bør gjera. Men personar med IBS er liksom «allemannseige». «Ikkje et gluten. Vennen min slutta med gluten og har blitt mykje bedre.», «Du må berre slappa av. Du stressar altfor mykje!» Osv…
  • Pavirker familienDet påverkar karrieren, jobb og skule. Uforutsigbarheiten med IBS kan påverka karrierevalg og skulegang. Ein unngår kanskje jobbar med mykje reising, eller må ha fleksibiliteten til å komma seinare på jobb eller melda seg sjuk når ein har alvorlege symptom. Dette kan føra til at ein vel vekk det ein aller helst vil, berre fordi IBS’en er så forbanna uforutsigbar….
  • Det påverkar nære og kjære. Om dei rundt deg ikkje forstår tilstanden din, kan det vera vanskeleg for dei å forholda seg til deg. Dei har kanskje ikkje forståelse for kvifor du melder avbud i siste liten og ikkje kan vera sosial. Dette påverkar kanskje også kjæresten, som kan føla at dei vert hindra av dine problem.

Dykk som har IBS kjenner dykk kanskje igjen i fleire, om ikkje alle, av punkta over. For dykk som ikkje har IBS eller er usikker på kva det er, håpar eg du no har fått ein bedre forståelse for korleis det er å leva med IBS på dagleg basis.

Kva er din erfaring på desse punkta? Har du blitt møtt med fordommar og følt du ikkje blir teken seriøst?

 

Kjelde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition