hei@mageibalanse.no 907 87 329

4 måtar å finna friheiten

by Ingvild on oktober 21, 2015
21. oktober 2015

Som ein del av min jobb som holistisk helsecoach lærer eg bort konseptet om primærnæring. Primærnæring handlar ikkje om mat, men om det som nærer deg fra omgjevnaden. Dette er områder som kanskje påverkar deg i større grad enn mat, men som du heller kanskje ikkje er heilt klar over.

Korleis kan du forbedra primærnæringen din og oppnå tilfredsstillelse og glede?

hatch-free

Her er fire enkle trinn du kan endra for å finna friheiten, sunnheiten og gleden i ditt liv:

  1. Karriere. Ta eit møte med sjefen din eller den som veiledar deg og fortell dei om éin ting du likar i jobben og éin ting du ikkje likar fullt så godt. Sjå om det er moglegheiter for å gjera meir av det du likar å gjera, om så berre litt oftare, så du kan føla deg friare og gladare på jobb.
  2. Forhold. Sett deg ned med partneren din og planlegg tre dates der dykk gjer noko gøy dykk aldri har gjort før. Kanskje betyr det å prøva ein ny restaurant, gå tur ein plass dykk aldri har vore før, eller kanskje reisa utanlands. Ved å oppleva ting saman vil dykk styrka forholdet og du vil føla deg meir fri. Singel? Fortvil ikkje, det finnes mange online sider for å møta andre i samme situasjon. Planlegg eit par dates med nye personar og reis på plassar du aldri har vore før.
  3. Trening. Prøv ein ny type trening, gjerne det motsatte av det du pleier å gjera. Er du ofte på joggetur? Prøva Yoga eller CrossFit. Variasjon og utfordring er gøy og det vil også gje deg fysiske og mentale resultat.
  4. Spiritualitet. Dette punktet treng ikkje handla om religion. Finn ut kva som er spiritualitet for deg. Kanskje er det å tilbringa tid i naturen eller meditasjon. Velg det som føles rett for deg og føl deg fri!

Feel-Free

Kven av desse punkta vil du eksperimentera med i dag? Korleis vil det utvida din friheitsfølelse?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition