I forrige veke var eg på introkurs i vegetarmat med Jane (www.veganmisjonen.no) og Thomas (www.veganmannen.no) i Trondheim, eit veldig inspirerande kurs!
Om du tenker vegan-/vegetarmat er kjedeleg, må du tru om igjen!
Her fekk me smaka dei nydelegaste pålegg, rettar og dessert som: sjokoladepudding, scrabled tofu med salsa vri, bønnepostei og karrikaker (berre for å nevna nokre). Min favoritt vart mandel- og valnøtt pålegget med kanel, himmelsk på brødskiva eller som snacks.
Vegetar- og veganermat har fått meir omtale den siste tiden og det kan virka som det har vorte ein slags trend. Ikkje den mest usunne trenden spør du meg.
Mange burde eta meir grønnsaker og redusera kjøttmengden. For oss med mageproblem kan også kjøtt vera tungt fordøyeleg og me burde innføra meir fiber i kosten i form av grønnsaker.
Sjølv vil eg kalla meg semi-vegetarianer eller kanskje fleksitarianer. Eg et kjøtt, fisk og egg av og til, men held meg mest til vegetarmat. Å redusera kjøttmengden har vore positivt for meg og min mage. Men kva som passar for deg må du føla litt på sjølv.
Her er nokre av rettane me fekk servert:
Vil du ha litt inspirasjon og eksperimentera litt med vegetarmat, anbefalar eg deg å ta ein tur innom Veganmisjonen og Veganmannen.