Lørdag 19 september var det duka for seminar i Trondheim, i regi av www.soma.no. Seminaret handla om kosthold og helse og gode helseverktøy. Dette inspirerande og motiverande seminaret hadde mange gode foredragsholderar på planen, som Berit Nordstrand, Audun Myskja, John Opsahl, Trine Berge, Eva Fjeldstad og Lars Ranes. Dei leverte alle, fra start til slutt!
Alle foredragsholdarane hadde veldig gode innlegg, men det er eit par eg vil trekka fram som utmerka seg. Nokre av dykk kjenner kanskje til Berit Nordstrand? Ho har skreve fleire interessante bøker og er ei veldig (!) inspirerande og motiverande dama. Dette er legen som valgte å gå utanfor læreboka og er forkjempar mot sunn mat og bekjemping av sukker!
Audun Myskja var ein annan fasinerande person på seminaret, også han lege. Men han jobbar med personar som har Alzheimers og Parkinson. ”Har du vært på foredrag med Audun Myskja, glemmer du det aldri.» Og det kan eg skriva under på! Han berre må opplevast.
Eva Fjeldstad var også ei inspirerande dame! Ho har skreve boka «Takk for maten?», som handlar om alle sprøytemidla, konserveringsmidla og antibiotikaen me finn i norsk mat og påverknaden det har på tarmhelsa. Sjølv kjøpte eg boka til Eva og gledar meg til å lesa den!
I tillegg til gode foredrag var det stands som solgte både bøker og helsekost og smaksprøvar vart servert i kvar pause. Peanøttkjeksa eg hadde laga meg dagen før som nødrasjon, hadde eg med andre ord ikkje bruk for. Det var også loddtrekningar med fine premiar og alle fekk kvar sin goodiebag. Faktisk så vann eg ein bokpremie på min billett, og i tillegg til dei andre bøkene og helsekostprodukta eg hadde kjøpt i løpet av dagen, bar eg ganske tungt på veg heim. Men det var eg ikkje aleina om!
Superinspirert kan eg anbefala deg å gå på seminaret dersom du interesserar deg for helse og ernæring. Neste foredrag er i Oslo den 19 oktober og er du i nærheiten bør du få det med deg!