hei@mageibalanse.no 907 87 329

3 matvarer for ein balansert og sunn mage

by Ingvild on juli 23, 2015
23. juli 2015

Eg har tidlegare skreve om korleis sukker påverkar mage- og tarmflora og effekten dette har på magen. Men det handlar ikkje berre om sukker, det handlar om alt du puttar i munnen.

Det du et påverkar ikkje berre kroppen din, men også bakteriefloraen i tarmen din. Denne bakteriefloraen endrar seg fra du er baby til du vert vaksen.

Fordelingen av bakterietypane er og forskjellig mellom forskjellige folkeslag og kva type mat dei lev av, og vert i stor grad påverka av helsa di. Det har du sikkert merka dersom du har gått på ein antibiotikakur, me veit jo alle kva det kan føra til…anatomy-160524_1280

Studier viser at dess større variasjon du har av bakteriestammar i tarmen, dess bedre forsvar har du. Liten variasjon i bakteriestammar er like eins kobla til fedme, insulin resistens, hjertesjukdommar og gastrointestinale tilstandar, som irritabel tarm.

For å oppnå ein større diversitet i bakteriefloraen kan det vera lurt å få i seg meir fiber, frukt og grønnsaker. Og vil ein ha ein meir balansert mage bør ein passa på å mata dei gode bakteriane i tarmen. Det er 3 måtar du enkelt kan oppnå denne balansen på:

  1. Et variert fra planteriket, kvar dag! Dette inkluderar grønnsaker, frukt, bønner linser, fullkorn, nøtter og frø.
  2. Et prebiotisk mat. Dette er mat som er rik på den type fiber som dei gode tarmbakteriane lev av som løk, kvitløk, shalottløk, purre, kål, asparges, rødbete, bønner, linser, fullkorn, havre og banan.
  3. Et fermentert mat. Denne typen mat og drikke lages ved hjelp av mjølkesyrebakteriar som er bra for tarmfloraen. Her inngår matvarer med levande (!) bakteriekulturar som yogurt, sylteagurk, surkål (sauerkraut), kimchi, kefir og kombucha.

Sauerkraut2

Hugs: Dersom du har irritabel tarm eller liknande mageproblem, kan nokre av desse matvarene gje symptom. Velg heller alternativ til desse.

Ønsker du ein rask oppskrift på korleis du kan laga din eigen surkål med levande bakteriekulturar? Les meir om det her, der eg har skreve om Vindundermedisin for magen!

Merkar du forskjell på tarmhelsa di etter kva du et?

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition