hei@mageibalanse.no 907 87 329

Forbedre din søvnhygiene og få mindre mageproblem!

by Ingvild on oktober 15, 2015
15. oktober 2015

sovepusSøvn! Det beste som finnes er når ein våknar opp om morgonen frå ei god natt’s søvn og føler seg opplagt og fresh! Likevel har så mange av oss søvnmangel og så få respekterar kor viktig søvn er for langsiktig helse og velvære. Søvnmangel har nesten vorte eit statussymbol og noko ein skryt av. Du har sikkert høyrt andre seie med nesten stolt holdning: «Eg sov berre 4 timar i natt!». Kanskje har du sagt det sjølv også?

Men søvnmangel aukar stressnivået, forverrar humøret og har stor påverknad på gastrointestinale symptom. Dess meir søvnen forstyrres, dess verre vert mageproblema. Og dess verre mageproblema blir, dess dårlegare blir søvnen. Søvn er også ei viktig tid for kroppen å reparera skader og opprettholda funksjonar ein har vorte utsatt for i løpet av dagen.

Målet bør vera å få 7,5-9 timar uforstyrra kvalitetssøvn, kvar natt! Det hjelp ikkje å pådra seg eit søvnunderskudd i kvardagane, for så å ta igjen søvnen i helga.

Forstyrra søvn kjem stort sett av dårlege livsstilsvaner, men dette kan du endra!

  1. Legg deg til vane å legga deg og stå opp til samme tid, også i helgane. Slik kan du få samme søvnmengde kvar natt.
  2. Ro ned kropp og sinn før leggetid. Å sjå på tv eller sitta foran dataskjermen stimulerar hjernen og vil holda deg vaken lengre. Skru av alle lysande skjermar og les ei bok i staden.
  3. Vær forsiktig med ettermiddagsluren. Powernaps kan ha fornyande effekt på kroppen, men sørg for å gjera det til rett tid og i rett lengde! Å ta seg ein dupp etter kl 15 vil mest sannsynleg påverka nattesøvnen. Det samme vil ein dupp som varar lengre enn 30 minutt.
  4. Unngå sukker, kaffe og alkohol før leggetid. Alkohol vil kanskje hjelpa deg å sovna fortare, men søvnen vil bli dårleg og uroleg. Det samme gjeld med sukker og kaffe, som stimulerar kroppen.
  5. Prøv naturlege supplement, som surkirsebærkonsentrat (Tart Cherry). 1 ss konsentrat blanda ut i 1/2 glas varmt vatn er ikkje berre godt, men kan også hjelpa deg å roa ned og sova bedre om natta.

vaknefresh

Hugs at god nattesøvn vil forbedra din generelle helse, livskvalitet, humør og fordøyelse 😉

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition