hei@mageibalanse.no 907 87 329

GMO kan gje lekk tarm og mageproblem!

by Ingvild on august 5, 2015
5. august 2015

GMO er garantert eit ord du har høyrt før. GMO står for genmodifisert organsime og er organismar som har fått endra sin genetiske struktur til ein ønska fordel. Eksempel på dette kan vera grønnsaker og frukt som er genmodifisert til å voksa seg større og kraftigare enn den naturleg ville vorte. Eller for å motstå sprøytemiddel, så bonden kan sprøyta avlinga for insekt utan at plantene døyr.GMO

Men kva betyr GMO egentleg for oss?

Det har vist seg at genetisk materiale i GMO-soya faktisk blir ein del av genmateriale til bakteriane som lev  i fordøyelsessystemet vårt, og dette fører til at desse gena vert før vidare. Til og med etter at du sluttar å eta GMO-mat, vil desse fortsetta å reprodusera seg i kroppen din.

Dette vil sjølvsagt føra til konsekvensar, og nokon av desse er:

  • antibiotika-gen som er satt inn i dei fleste GMO-avlingar kan føra til antibiotika-resistente sjukdommar dersom dei blir overført til oss.
  • det innsatte Bt-toksinet, som blir brukt for å drepa skadedyr i planter, finnes i dag i blodet til 93% av kvinner og 80% av ufødte barn. Dette kjem av at husdyr vert fôra med GMO-mais. Og dette igjen, kan føra til at bakteriane i tarmen blir som små fabrikkar som produserar plantevernmiddel.
  • dyrestudier har vist at GMO-materiale fra mat kan gå inn i alle organ i kroppen vår, også i fosteret!

Skremmande! Men dessverre sannheita… Dette er heller ikkje noko ny info, sidan me alt veit at viralt DNA vart ein del av mennesket allereie for 40 millionar år sidan.

Men det er meir! Overført genmodifisert-DNA kan også føra til lekk tarm! Delar av tarmen blir betent og klarar ikkje ta opp all næringa. Denne svekkinga fører til at store molekyl lekk gjennom tarmen til utsida og vert oppfatta som inntrengarar av immunforsvaret vårt, som går til angrep.

Men det verste med det heile er at, til tross for at tilfeller av allergiar har eksplodert, bryr Mattilsynet seg ikkje om farane ved genteknologi. Veit me egentleg kva farane er over lengre tids bruk av GMO? Er det greit å ikkje bry seg når dyrestudier viser store og alvorlege genetiske avvik i avkom?

gmo_tomato_b

Korleis stiller du deg til spørsmålet om bruken av GMO? Synes du det er greit å tukla med naturen og i tillegg ikkje vita kva langtidseffekten egentleg er?

Dette er for meg enno ein grunn til å eta meir økologisk mat. Det kan du også lesa meir om her.

 

Kjelde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition