hei@mageibalanse.no 907 87 329

IBS og ungar

by Ingvild on juli 8, 2015
8. juli 2015

IBS in ChildrenSom du kanskje veit, om du har ungar sjølv, så får ungar ofte vondt i magen. Det kan vera mange årsakar til dette, men irritabel tarm kan faktisk oppstå hjå ungar også. Ungane får ofte same symptom på irritabel tarm som vaksne:

  • vondt i magen
  • luft i magen eller synleg utståande mage
  • diaré, må plutseleg på do, bleieutslett og/eller
  • forstoppelse, hard mage

Diagnosen stilles på samme måte som hjå vaksne. Men ver klar over at legen kanskje ikkje mistenker IBS med det første, sidan ungar ofte klagar over mageplager som ikkje viser seg å vera alvorleg. Ta likevel desse symptoma på alvor for å avkrefta eventuelle andre gastrointestinale lidelsar, sidan dette kan påverka vekst og utvikling.

Ungar kan også følga FODMAP dietten, men sørg for å ha nøye oppfølging. Her er det spesielt viktig med re-introdusering av matvarene etter opphaldsperioden! Barn i vekst og utvikling treng å eta variert og bør ikkje ha begrensa diettar om det ikkje er behov for det.

Søk gjerne hjelp for å gjennomføra FODMAP dietten med ditt barn.

 

Kjelde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition