hei@mageibalanse.no 907 87 329

Ver ein matdetektiv – vit kva du et!

by Ingvild on juli 2, 2015
2. juli 2015

På butikken fyller me handlekorga med ferdigmat og dagleg puttar me i oss mat me egentleg ikkje veit kva er. Men om du les bakpå produktet og ikkje på framsida, vil du få deg ein aha-opplevelse.

I mange tilfeller vil du bli overvelda over alle dei merkelege orda og E’ane. Men det er ein grunn til at det er skreve akkurat på denne måten. Produsenten vil nemleg lura og villeda oss om kva som egentleg befinn seg i varen.

mat på tubeHar du tenkt på mat på tube? Som brunost, majones eller makrell i tomat? Brunost, som man liksom skal skjæra med den ur-norske ostehøvelen, finnes no på tube! Korleis får dei denne faste massen til å komma leikande lett ut av ein tube? Og makrell, som er ein liten fisk, skal skvisast gjennom ein liten opning? Ingen tvil om at noko har vorte tukla med her!

Det er vel heller ikkje noko nytt at kjøttpålegg inneheld ein stor andel av anna kjøtt enn det som det vises til i navnet og på framsida. Men at guaccamolen inneheld størst andel av erter var kanskje nytt. Du kan like gjerne laga deg ertestuing å servera ved tacoen, sunnare er det og!

Så over til aromaen, eller «naturleg aroma» som det gjerne står. Men kva betyr egentleg dette? Du veit jo fortsatt ikkje kva aromaen består av eller kjem frå? Også her er det grunnar til dette, sidan aroma er eit ord produsenten ofte gøymer seg bak. Og visste du at sommar-isen med vaniljesmak eller godteriet med jordbærsmak antakaleg inneheld beverrumpe? Nettopp! Denne aromaen hentes fra kjertlar nær beverens anus og i Sverige har dette bidrege til at den svenske beveren vart utrydda. Noko å tenka på når du er på harryhandel i Sverige og fyller godteposen… naturlig aroma

Min misjon her er ikkje å skremma deg frå å eta maten i butikken, men å undersøka kva du egentleg et. Ta deg tid til å lesa bakpå varen. Eit tips er at dei ingrediensane som står øverst på lista er dei det er mest av. Det kan også vera lurt å legga tilbake varer som inneheld alt for mange E’ar og velga eit bedre alternativ.

Synes du det er greit at produsenten tuklar så mykje med maten og kamuflerar alt i fancy ord?

Det er ikkje lett å styra unna dette med dagens matvareindustri, men eg held meg helst til ekte, rein og levande mat! Mat som har navn og som eg veit kva er.

Kva meiner du om dette?

Kjelde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition