hei@mageibalanse.no 907 87 329

Ukjente tegn på dehydrering

by Ingvild on april 14, 2015
14. april 2015

Visste du at kroppen består av 60-75% vatn? For mykje væske kan føra til ubalanse i mineral, og for lite kan føra til dehydrering, skallebank og utmattelse.

Mengden vatn ein treng per dag varierar fra person til person og aktivitetsnivå. Men studier viser at til og med mild dehydrering kan påverka humør og energi.

DRIKK

Her er 6 tegn på dehydrering, som du kanskje ikkje har tenkt over før:

  1. Dårleg ånde
    1. Lite væske betyr liten spytt produksjon. Detta vil igjen føra til overvekst av bakteriar i munnen, som kan gje dårleg ånde.
  2. Tørr hud
    1. Trur du folk som blir dehydrert sveittar mykje? Det er fleire stadier av dehydrering. Du blir blandt anna veldig svimmel og har ikkje nok blodvolum, derav tørr hud. Og den tørre huden vil ikkje fordampa sveitten så bra. Så nei, dei sveittar ikkje mykje.
  3. Muskelkramper
    1. Varmeeffekten på musklane, saman med endringar i elektrolyttar, kan føra til større sjanse for muskelkrampe. Dess varmare du er, dess større er sjansen.
  4. Feber og skjelving
    1. Er kroppen alvorleg dehydrer kan du oppleva bivirkningar som feber, og til og med skjelvingar. Dehydreringen har da nådd eit alvorleg stadie og du vil trenga legehjelp.
  5. Søtsug
    1. Er du ofte sugen på søtt eller anna mat? Det kan være så enkelt som væskemangel! Dette kjem av at kroppen har problem med glycogen produksjonen, som treng vatn for å regulera energi lager, og du får behov for å fylla på.
  6. Skallebank
    1. Hjernen flyt å eit lite væskebasseng, som beskyttar den. Om du er dehydrer kan hjernen bli pressa opp mot skallen, som kan gje hovudpine.

Sjekk om du er dehydrer ved å kikka ned i doskåla! Er urinen din gul, er kroppen faktisk berre 3% dehydrert.

Med andre ord: DRIKK!

Ha ei flaske vatn lett tilgjengeleg, så hugsar du å drikka. Gjerne tilsett frukt eller bær for å friska opp smaken. Te er det nest sunnaste du kan drikka etter vatn, så eksperimentér med smak. Et frukt og grønnsaker med mykje væske og drikk med maten.

Untitled design

Kva er dine tips for å få i deg nok vatn i løpet av ein dag?

 

Kjelde: http://www.everydayhealth.com/news/unusual-signs-of-dehydration/?xid=tw_everydayhealth_sf

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition