hei@mageibalanse.no 907 87 329

Sunn mat kan også gje mageproblem

by Ingvild on august 26, 2015
26. august 2015

Har du prøvd å eta så sunt du kan, men opplever likevel at magen ikkje fungerar?

Eg har sjølv vore i samme situasjon mange gonger. Spesielt når eg byrja å legga om kostholdet og eta sunnare. Eg prøvde meg på mange nye matvarer og åt det som var sunnare enn sunnast! Men likevel reagerte eg og vart dårleg av maten.

Sjølv om eg reagerte, fortsatte eg å eta denne maten, for den var jo så sunn! Da kunne det jo ikkje vera den som var problemet? Det tok meg litt tid å innsjå at sunn mat ikkje nødvendigvis var bra for meg og min mage. Om det så var den sunnaste maten som toppa alle sunnheitslister, var den ikkje bra for meg.

Ein persons mat er ein annan person gift.

danger-160024_1280

Ha dette i tankane. Sjølv om maten du et er veldig sunn, er det ikkje sikkert den er bra for deg.

Du må sjølv finna ut kva som fungerar for deg og din mage, kva som gjev mageproblem og kva som er «trygg» mat. Om den sunne maten ikkje fungerar for deg, finnes det andre sunne alternativ.

Berre hugs å ete variert og ikkje bli sittande att med kun eit par matvarer fordi du er redd for å testa mat som kan gje mageplager. Det kan føra til feilernæring og gje større plager enn du hadde i utgangspunktet.

Føler du deg fortapt og treng veiledning, kan eg hjelpa deg med dette 🙂 Ta kontakt for ein uforpliktande samtale, så finn me ut saman korleis me best kan hjelpa deg på veg mot ein balansert mage!

Mage-i-balanse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition