hei@mageibalanse.no 907 87 329

Porsjonsstørrelse er nøkkelen til ein balansert mage!

by Ingvild on juli 16, 2015
16. juli 2015

Grunnen til at du av og til reagerar på maten du et, men neste gong ikkje, kan ha med mengde å gjera. Dette har eg merka mange gonger sjølv. Det er fleire matvarer eg kan eta litt av, men ikkje mykje!

Mat som står under lista låg-FODMAP kan innehalda små mengder FODMAPs. Låg-FODMAP betyr altså ikkje at maten er fri for FODMAPs, berre at desse innehelde mindre mengder av dette enn anna mat. Om du da et ein stor porsjon av låg-FODMAP mat, vil du få i deg ein større mengde FODMAPs og maten går dermed over til å bli høg-FODMAP. Strawberries-in-Measuring-Cup

Forvirra? For å sei det enkelt handlar det om porsjonsstørrelse, alt med måte! Et heller variert enn ein stor mengde av den samme maten. På denne måten sikrar du deg eit breidt inntak av næring i tillegg til at du unngår reaksjonar på mat som egentleg skal vera «trygg» for magen.

Frukt er ein av dei matvarene eg har problem med å eta i større mengder, spesielt om eg blandar dei og et fleire samtidig. Ei fruktskål til dessert i eit selskap fører derfor ofte til mageproblem, sjølv om det for meg var det tryggaste valget på bordet.

Et gjerne fleire fruktar om dagen, men spre dei utover og la det gå nokre timar mellom kvar gong du et frukt. På denne måten «forstyrrar» dei ikkje kvarandre i fordøyelsesprosessen og sjansen for at du reagerar på den er mindre. Dette gjeld forøvrig også anna mat om du ønsker å eta det fleire gonger for dagen.

Treng du hjelp til finna porsjonsmengde og raskt sjekka kva matvarer i butikken som er FODMAP har The Monash University ein veldig god app for dette! Her kan du sjekka om matvarene er låg-FODMAP eller høg-FODMAP ved hjelp av trafikklys og ein kan også undersøka kor mykje ein kan eta av kvar matvare før det overskrid dagleg inntak. Ein kan også sjølv regulera trafikklysa ved å stilla inn kor sensitiv ein er for dei forskjellige FODMAPs. Kan anbefalast!

app-small

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition