hei@mageibalanse.no 907 87 329

På ferie med IBS

by Ingvild on august 12, 2015
12. august 2015

I løpet av sommaren har sikkert fleire av dykk vore på ferietur, med IBS og andre mageproblem i bagasjen.

For kva gjer ein når ein forlet sin trygge heim og skal ut i den store verden der ein ikkje kjenner navna på matvarene? Dette kan by på store utfordringar!

Tidlegare var ferie og tur noko eg nærmast grua meg til, fordi eg visste eg kom til å eta mat eg reagerte på og mest sannsynleg vart dårleg av. Slikt set sjølvsagt ein skikkeleg brems på feriekosen og kan rett og slett føra til at ferien blir eit mareritt.

I seinare tider har eg lært meg å slappa meir av i samanheng med ferieturar og å bruka eit par dagar på førehand til å forbereda meg. Det vil seie at eg passar på kva eg et dagane før avreise, altså mat som ikkje gjev mageproblem. Eg produserar også opp mat eg kan ta med meg på tur, så eg har noko «trygt» å eta for å forhindra eller redusera mageplagene. Detta har redda meg mang ein gong, spesielt på flyreiser!

I forrige veka var eg ein tur til Færøyane. Her var heldigvis ikkje matbutikkane ein utfordring, sidan det meste av matvarene er danske, ja faktisk til og med nokre norske! I tillegg hadde dei eit veldig godt utvalg økologisk mat. Denne gongen hadde eg også med meg heimelaga granola, energibarar og surdeigsbrød bakt på spelt.Bilde 14

Likevel meldte mageproblema seg innen kort tid. Min største utfordring på tur er flyreiser. Sjølv om eg et riktig mat før, under og etter flyturar, er det som om eg får etterdønningar fra reisen seinare på dagen. Magen blåses opp som ein ballong og eg får magesmerter som følge av dette. Da er det ikkje enkelt å skulle prøva å innta eit måltid, når det ikkje er meir plass igjen i magen!

På denne turen vart det mange bilturar og tilfeldige stopp på matbutikkar, og det vart alt for lenge mellom enkelte måltid og inntak av feil type mat. Dette skjer dessverre når det er vanskeleg å planlegga kva dagen bringer og ein gjerne ikkje har med seg magevennleg mat for ein heil dag.

Dessverre gjekk det som det måtte gå, med mageproblem i nesten 5 dagar. Til tross for min medbrakte mat, fekk eg i meg litt for mykje av anna type mat eg reagerte på.

Lærte eg noko av dette? Kanskje at eg må vera strengare med kva eg et på tur, ferie betyr ikkje nødvendigvis å eta alt ein vil. Men eg lærte også at å ha med seg magevennleg mat kan redda magen i mange situasjonar og redusera plagene som måtte oppstå undervegs.

Kva tek du med deg på tur? Nokon erfaringar med IBS i kofferten?

Bilde 06

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition