hei@mageibalanse.no 907 87 329

Øko-mat – ei døgnfluga?

by Ingvild on mars 18, 2015
18. mars 2015

debioDen evige debatten… Er økologisk mat best eller er det berre ein ny trend? Inneheld den meir næring enn konvensjonell mat eller er det berre påstandar?

Personleg velger eg økologisk der det lar seg gjera. Eg har vokse opp på konvensjonell gård, men har aldri tenkt mykje på kordan maten egentleg behandlast. Å ta seg ei gulrot rett fra åkeren var nokke av det beste ein kunne få på høsten.

I dei seinare år har eg vorte meir bevisst på kva eg putta i munnen. Tanken på å eta mat som inneheld potensielt skadelege stoff får meg til å velga mat som er minst muleg behandla.

Det handla ikkje berre om sprøytemiddel, men om genmodifisering, antibiotika og veksthormon som gis til både planter og dyr.

Eg likar ikkje denna måten maten behandles på. Eg vil ha rein og heil mat, som har vorte minst muleg tukla med.

earth-158806_640

Sprøytemiddel er vist å påvirka immunsystemet og for ungar som ikkje har eit velutvikla immunsystem, så vil dei være ekstra eksponert for skadelege stoff.

Eg trur og det er med på å øka forekomsten av bl.a. kreft. Samtidig handlar det ikkje berre om kjemikaliar, men og om smak og forholdet til mat. Det som er ekte og reint har ingen kjemisk ettersmak.

Men kva med naturen rundt dyrka mark? Kordan påvirkes den av planter som dusjes i kjemikaliar, eller GMO planter som sprer sine frø? Trekk kjemikaliar ned i grunnvatn? Kor blir det av alt det som ikkje sitt igjen på planten me puttar i munnen?

Bevisstheit er med på å forma jordbruket. Velg reint!

Kva velge du i butikken? Del gjerne dine menigar ang. økologisk vs. konvensjonell mat!

*Bildet tatt fra http://www.oikos.no/okoservering/festival/organisering-av-matserveringen/debio-sertifisering.aspx

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition