hei@mageibalanse.no 907 87 329

Mage i lufta

by Ingvild on mars 27, 2015
27. mars 2015

Har du også merka at magen slår seg vrang i lufta?

For nokre veker sidan tok eg meg en tur til Bergen for å besøka venner og bekjente. Flyturen mellom Værnes og Flesland er på ca 50min og i grunn ein kort tur. Men, som alltid når eg er på flyreise, starta mageproblema i det samme flyet tok av fra bakken.

Eg har merka meg at det handlar mykje om kva eg har ete før turen. Å fly på tom mage fører til minst magetrøbbel. Men har eg ete mat eg veit samarbeidar dårleg med magen min, er det garantert at mageproblema 5-dobles i lufta!

Ubehag ved flygning

I høst hadde eg ein lengre flytur fra Chicago til Amsterdam, på rundt 7 timer. Etter ei veka i Chicago hadde eg dessverre fått i meg for mykje dårleg mat. Som du kanskje veit, så er det ikkje alltid så lett å eta sunt og fornuftig når ein er på ferietur.

Flyturen på 7 timar vart dermed eit mareritt! Eg hadde store magesmerter! Det hjalp heller ikkje at me fekk servert litt suspekt flymat på turen. Og eg var derfor overlykkeleg når eg endeleg stod på bakken i Amsterdam.

Grunnen til at desse problema oppstår har med lufttrykket i kabinen å gjera. Dess høgare over bakken ein kjem, dess meir aukar lufttrykket. Har ein da luft i magen, vil også trykket i tarmen auka og pressa på tarmveggen. Og siden tarmveggen er full av nervar (ja, faktisk!), så vil detta opplevast som smertefullt.

Skal eg ut å fly tidleg om dagen lar eg væra å eta til flyturen er over. Å fly på tom mage passar ikkje for alle, men eg vil anbefala deg å tenka over kva du et 1-2 dagar før avreise. Et mat som er bra for deg og ikkje irriterar magen. Og drikk mykje vatn!

 

 

 

 

Dessverre er ikkje alltid mageproblema uunngåelig, men dei kan reduserast! 😉

God tur!

Har du tips til kordan ein kan få ein behageleg flytur? Del da vel! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition