hei@mageibalanse.no 907 87 329

Kryssreaksjonar og intoleranse – prøv matdagbok!

by Ingvild on juni 24, 2015
24. juni 2015

Har du lurt på kvifor du reagerar på alt du et? Eller at du plutseleg reagerar på noko du ofte et utan å få problem?

Dette er eit velkjent, men dessverre veldig plagsomt, problem.

Magen mottek mykje forskjellig mat i løpet av ein dag, og dersom tarmen allereie er redusert pga mageproblem som IBS, lekk tarm, Colitt eller Crohn’s vil den ha problem med å handtera mat du vanlegvis ville ha tolt. Om du da i tillegg et mat magen kanskje ikkje toler, kan det gå heilt i krøll for den stakkars tarmen.

danger-160024_1280

 

Mat du kanskje et dagleg og ikkje har merka reaksjonar på, kan no verta reine gifta for kroppen. Tarmen, som jobbar i full sving med å handtera ukjent materiale, vil ikkje klara å ta seg av alt som kjem. Maten vil dermed passera delvis ufordøydd lengre ned i systemet og kan gje symptom på noko som liknar matallergi eller kraftig matintoleranse.

 

Og igjen sit du der, heilt fortvila over at du ikkje tolte den maten du har ete dagleg den siste veka. Kva skal du no få i deg når du reagerar på absolutt alt? Ein pose intravenøst??

Eg har sjølv ønska meg den posen med intravenøst mange gonger, berre for å sleppa plagene. Men dette er eit heller dårleg alternativ! Derimot kan det hjelpa å skriva ei matdagbok for å få ein bedre oversikt over korleis du reagerar på maten. Blir du trøytt og sliten, får du vondt i magen, endrar do-rutinane seg? Korleis påverkar det humøret? Blir du irritert, lei deg, frustrert eller glad? På denne måten får du ein god oversikt over kva du toler eller ikkje toler, og har dermed også lettare for å kunna gjera noko med det!books-690219_1280

Treng du hjelp til å tilrettelegga eit nytt kosthold og bli kvitt plagene? Eg kan hjelpa deg med nettopp dette! Tek du kontakt med meg på mail eller www.mageibalanse.no vil du snart vera på veg mot ein problemfri mage!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition