hei@mageibalanse.no 907 87 329

Kaffe vs. te – Kva seier det om deg?

by Ingvild on mars 21, 2015
21. mars 2015

I følge artikkelen til Daily Mail kan valget mellom kaffe og te sei noko om deg som person. Blandt anna at dei som drikke kaffe tjena bedre enn dei som drikke te! Men at dei som drikke te er meir laid-back. For oss som drikke både kaffe og te vil eg tru at me både tjena bra og samtidig er laid-back 🙂

Kaffe vs te

I følge infografen til høgre, kan det sjå ut som at dei som drikk kaffe kjem litt dårleg ut enn dei som drikk te (med unntak av lønn 😉 ). Ein anna grunn til å velga te framfor kaffe er effekten kaffe har på kroppen. Som du veit innehelde kaffe mykje koffein og går også under navnet «Drug in a mug».

Folk reagerar forskjellig på koffein og nokre toler store mengdar utan å merka noko. Andre toler nesten ingenting før kroppen blir stressa og får skjelvingar. Koffeinet er med på å auka mengden av stresshormona adrenalin og cortisol, som får binyrene til å jobba på høg-gir og fører til at dei blir utmatta.

Koffein kan óg auka stimuleringen som styrer samantrekking av musklane i magen (dessverre ikkje 6-packen 😉 ) som kan føra til ekstra plager for folk med IBS, Crohn’s eller Colitt.

Sjølv har eg merka at meir enn 1 kopp om dagen gir meg skjelvingar og magetrøbbel, som gjerne varar halve dagen. Likevel har eg problem med å legga fra meg vanen med 1 kopp kaffe tidleg om morgonen. Koffeinet er ikkje det eg er mest avhengig av, men kosen med ein varm kopp dampande lykke, som morgenstund med gull i munn.

Å fjerna kaffekosen heilt vil kanskje føra til at du går tilbake til den igjen etter kort tid. Så mitt tips til deg er å fasa ut kaffe med anna drikka som kan tilfredsstilla detta behovet. Løvetannrot-kaffe og Yerba-mate te er to gode alternativ som kan fungera som erstatning. Dei fungerar i hvert fall for meg 🙂

Er du ein kaffe eller te person? Kor mange koppar treng du for å komma deg gjennom dagen?

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition