hei@mageibalanse.no 907 87 329

Ein persons mat er ein annan persons gift!

by Ingvild on november 18, 2015
18. november 2015

I dag er mange så distansert frå kroppen sin at dei ikkje er klar over at maten dei et kan påverka korleis dei føler seg, eller at maten kan gjera dei sjuk. Dette blir igjen komplisert av at symptoma kan vera små eller stille (som med gluten), slik at dei kan oppstå alt frå innan eit par timar til nokre dagar etter du åt maten du var sensitiv for. Det blir da vanskeleg å vita sikkert kva som var årsaken til reaksjonen.

Den tilgjengelege måten å testa matsensitivitet på er ofte også mangelfull.

Du kan reagera på all type mat som frukt, grønnsaker og kjøtt. Men det er 8 matvarer som står for 90% av alle matallergi reaksjonane. Desse er:

  • egg
  • fisk
  • mjølk
  • peanøtter
  • skalldyr
  • soya
  • trenøtter, som valnøtter eller cashew
  • kveitemjøl

Det er også andre vanlege matvarer og tilsetningar som kan vera årsaken til reaksjonane:

  • tilsetningsstoff og konserveringsmiddel som fargestoff, monosodium glutamat (MSG) og sulfitt
  • gluten
  • sukker som fruktose, laktose og sukrose
  • gjær

Glutensensitivitet er assosiert med fleire andre sjukdommar, som irritabel tarm syndrom, diabetes type 1 og autoimmune thyroid sjukdommar. Faktisk har 5-10% av personane med cøliaki også type 1 diabetes og/eller thyroid sjukdommar. Cøliaki er ikkje lenger berre ein gastrointestinal sjukdom, men ein multisystem lidelse.

Men det er forskjell på å ha cøliaki og glutensensitivitet. Om du har teke ein cøliakitest hos legen din har du kanskje ikkje fått utslag på den, men kan likevel reagera på gluten.

food_poisoning_probiotics

Hugs at ikkje alle reagerar likt på den samme maten, nokre er meir sensitiv enn andre og at ein persons mat er ein annan persons gift!

Så, korleis finn du ut om matallergiar eller intoleranser villedar deg i søken etter rota til problemet? Du kan faktisk spora opp reaksjonane ved å eliminera matvarer som du mistenker at du er sensitiv for, for så å innføra dei igjen og sjå etter symptom. Dette kalles elimineringsdiett og kan vera til hjelp for å finna ut kva slags matvarer du reagerar på. Det kan også gje deg svar på om du toler enkelte matvarer i moderat eller liten mengde, slik at du dermed ikkje treng å kutta dei heilt frå kostholdet.

Ein annan viktig ting å tenka på er at ved å gjenoppretta den naturlege magefloraen kan du få kontroll over dine matallergiar og intoleransar. Du vil også kunna forbedra og kanskje til og med helbreda deg frå andre sjukdommar og lidelsar.

 

Kjelde: The Inside Tract, your good gut guide to great digestive health av Gerard E. Mulling og Kathie Madonna Swift

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition