hei@mageibalanse.no 907 87 329

Digital diett

by Ingvild on april 1, 2015
1. april 2015

Nå om dagen er det jo så mange diettar som florera. Ikkje alle diettar passar alle, men det er éin diett eg meina me alle burde gå på, og som alle vil ha nytte av.

Bruk av smartphones

Eg merkar sjølv at sosiale media fort tek for mykje av tiden min. Eg skal berre ein liten tur innom Instagram for å sjekka, og blir sittande å bla gjennom bilder, berre fordi eg må væra sikker på at eg ikkje går glipp av nokke. Men er det så forbanna nøye da?

Stadig vekk ser eg folk som venta på bussen og som står med nasen nedi mobilen, og venner som møtes på kafé, men som sitt å snap’a kaffekoppen (såkalla «phubbing»). Det gjelder meg sjølv inkludert!

Som liten fekk eg ofte høyra at det var sunt å kjeda seg. Det falt ikkje heilt i god jord på den tiden, men eg forstår viktigheiten av det i dag. Me har ikkje tid til å kjeda oss lenger!

Derfor har eg ein liten utfordring til deg, nemleg ein digital diett! I 1 veka vil eg at du skal:

  1. Bruka morgonen på deg sjølv! Motstå fristelsen til å oppdatera deg på nyheiter, Snapchat, mail, Facebook og Instagram.
  2. Fjern alle åpne vindu/tabs med Facebook, nyheiter og anna som villedar din konsentrasjon i løpet av arbeidstiden.
  3. Sjå deg rundt! Lytt! Ikkje ta opp mobilen mens du ventar på å komma deg heim fra jobb. Bruk tiden på å oppfatta verden og kva som skjer rundt deg.

Test dietten og fortell meg kordan det gjekk. Kor «svolten» vart du? Kva fekk du ut av å redusera tiden din på sosiale media? Send meg gjerne ein tilbakemelding! 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Meld deg på mitt Nyheitsbrev

 

Utdanna ved Institute for Integrative Nutrition